Grafikk

ORIGINAL OG TRADISJONELL GRAFIKK TILVERKA AV KUNSTNAR PÅ EIGEN VERKSTAD 

Eg er bildekunstnar med spesialisering innan grafikk, med vekt på etsing, kaldnål, litografi, lino- og tresnitt. Det svart-kvite, det grafiske, å arbeide i lange seriar/modular  går igjen i mine arbeid, også i måleri eller andre teknikkar. Eg arbeider som regel rett i flata, utan å skape illusjon om rom eller forsvinningspunkt, og  der uttrykk og form hentast fram ved bruk av punkt, strek og flate .

Frå 2016  til hausten 2020 var eg utan grafikkpresse grunna svikt i pressebordet, men no er bordet skifta ut.

Derfor ser eg no fram til å få starte opp att som grafikar, med spennande prosessar og prosjekt i den grafiske bildeverda, det er mykje som enno ikkje er gjort.