Hybrid teknikk

CYGNUS – EIT HYBRID KUNSTPROSJEKT

Svanen Cygnus flyg av stad på himmelen med Albireo i hovudet, Deneb i halen og vingane godt folda ut. Cygnus er eit av himmelrommets flottaste stjernebilete og ligg på den nordlege himmel og forgreinar seg i Melkevegen. Dei fem klaraste stjernene i Cygnus dannar eit tydeleg kors- Nordkorset.


CYGNUS er eit prosjekt som ligg i kunstretninga suprematismen. Cygnus som ide og filosofi tek utgangspunkt i det eteriske, kosmiske, det konkrete og abstrakte ,det som er og ikkje er. Teknisk er dette ein hybrid teknikk som bevegar seg mellom grafikk og måleri. Teknikken er eigenutvikla gjennom ulike periodar frå 2006 og fram til i dag. 


Dette er monumentale arbeid, satt saman av modular, gjerne som utsmykkingar.